Café Herman serverer god mat og godt drikke til hyggelege prisar. Maten vert i hovudsak laga frå botnen av. Ein stor del av råvarene er frå lokale produsentar.
Herman er med i Engengruppen som mellom anna driv dei populære utestadene Café Opera, Pingvinen, Kafe Magnus og Fagernes Yacht Club i Bergen.
Det sit mykje historie i veggane på Herman. Då Hermansverk hotell opna dørene i 1887, hadde dei bryggeri og bakeri her. Hotellet vart drive fram til 1918. Då kjøpte Hallvard Drægni bygget. Han brukte det til kontor og husvære for dei tilsette då han etablerte saftfabrikk her det året.
Café Herman
Riverdalen 3
6863 Leikanger
Postadresse: Pb 61, 6861 Leikanger
Tlf.: 477 08 166
E-post: grete@cafeherman.no
Takk til Knut Bry for foto til heimesida!